top of page

Fra antologien 
siste sjanse til å snakke
Tekster fra Bergen Dramatikkfestival 2026

bdf-logotype-#D93616.png

Tre spørsmål til Johanne Magnus

Om INNTRENGAREN
audun-mortensen-uio_2.jpeg

Kva drog i gang denne teksten?

Teksten har hatt fleire liv. Først som novelle etter oppdrag frå Samlaget. Antologien ho skulle inngå i, blei satt på vent, men eg klarte ikkje å sleppe teksten. I arbeidet med ei av framsyningane til Bergen Borgerscene brukte eg eit par linjer som utgangspunkt for ei scene. Då merka eg at materialet eigna seg for scenen. Det var dit ho skulle. Ho trong underteksten, pausane, intensjonane, møtet mellom menneske i eit rom. Sunniva og naboen steig opp frå papiret og blei levande. Opplevinga tente ein gneist i meg, og etter ein meisterklasse med Fredrik Brattberg fekk teksten det blikket ho trong. Kvar eg skulle bore, kva eg skulle lytte etter, og korleis eg best kunne skrive det fram som dramatikk.


Kva kan dramatikk gjere som andre kunstformer ikkje kan?

Samspelet av tekst, pust og menneske i same rom, på same tid er unik. Her og no. Direkte. Det som hender, har aldri hendt før, og kjem aldri til å hende igjen. Kvar einaste framsyning har nye detaljar. Når eg skriv for scenen, freistar eg å skjøne meg sjølv betre, skjøne andre. Alt det som ikkje hender i livet, kan hende i framsyninga. Og alt det som hendar, men som eg har halde inni meg, kan visast der (fritt etter Cora Sandel). For ei lette! Kom trøyst og glede. Kom faenskap og sprengkraft. Kom tru og tvil. Kom uendelege innsikter. Kom galskap og soloppgang. Dramatikken opnar blikket og døra. Slik kan teateret bidra til å forandre verda.


Kva brenn i deg akkurat no – i scenekunsten, teksten eller verda?

I teateret kan vi møtast i nærleik for å sjå, lytte og dele historier i fellesskap. Utan mobilen i handa, eller på bordet mellom oss. Eg har fleire historier eg ønsker å fortelje og tema eg vil utforske. Situasjonar kor vi misforstår, fomlar, men ikkje gjev oss. Fortset vidare, nærare, eller lenger vekk frå kvarandre. Om kunsten kan få nokon til å gløyme seg sjølv er ingenting betre. Slepp tak! Gje stemme til dei stemmelause. Menneske som lever på vippepunktet, men som er akkurat som deg og meg, berre vi ser nøye etter og lyttar. Akkurat no brenn eg for å forløyse mitt neste stykke.

bottom of page