top of page

Skal nokon lykkast må vel også nokon mislykkast

Ein mann syng. Dei same songane, dag etter dag. Folk går forbi. Nokon stoppar. Dei fleste ser ned.


I denne særskilde versjonen av GITARMANNEN flyttar Jon Fosse sin monolog inn i ei leilegheit på Møhlenpris. Publikum kjem tett på eit menneske som elles høyrer til i utkanten av blikket. Mannen fortel om livet han lever, dei han møter, og vala som førte han hit. Gjennom songar, fragment og stille observasjonar opnar det seg eit rom for spørsmål om verdi, verdigheit og tilfeldigheiter: Kva skil dei som kjem innanfor frå dei som blir ståande att utanfor? Kva liv ser vi – og kva liv går vi forbi?


Jon Fosses skreiv i si tid GITARMANNEN til skodespelar Bjørn Willberg Andersen. Tretti år seinare har han endeleg teke teksten til scenen. Framsyninga hadde premiere hos Den Nationale Scene i vår, og spelar på Bergen Dramatikkfestival i ein versjon tilpassa TOUR DE MØHLENPRIS der private heimar blir scene for ny dramatikk. Vi lagar framsyningar tilpassa leilegheiter på Møhlenpris, bydelen rundt festivalens hovudarena Cornerteateret, og inviterer publikum til å vandre frå heim til heim og oppleve samtidsdramatikk på kloss hald.


Framsyninga varer om lag ein time og blir spela to gonger laurdag 29. august, slik at ho enkelt kan kombinerast med andre leilegheitsframsyningar på TOUR DE MØHLENPRIS.

TOUR DE MØHLENPRIS
29. aug 2026
Leilegheit
Samarbeid med Den Nationale Scene
Billettslepp ila juni

MEDVERKANDE


Tekst: Jon Fosse

Skodespeler: Bjørn «Bamse» Willberg Andersen

Regi: Ida Høy

Musikk: Lars Lillo-Stenberg

Produksjon: Den Nationale Scene

pressbild_Dimen_Abdulla_fotograf_Cato_Lein.jpg

Bjørn «Bamse» Willberg Andersen (f. 1959) er ein av veteranane blant DNS sine skodespelarar. Han gjekk ut frå Statens Teaterhøgskule i 1988 og har sidan vore tilsett ved DNS. Bamse har vore å sjå i ei rekkje framsyningar på DNS, og han spelte m.a. i LA CAGE AUX FOLLES med tidlegare teatersjef Bjarte Hjelmeland.

Bamse medverka òg i KONG LEAR, HELLEMYRSFOLKET, SÅNNE SOM OSS, HAMLET og den Heddaprisvinnande framsyninga VÅR ÆRE/VÅR MAKT. Vidare er han kjend for si tolkning av Gunnar Staalesen sin karakter Varg Veum både i radioteater og på scenen i FALNE ENGLER (2006). I tillegg har Bamse bakgrunn frå Riss Dansekompani og har vore skodespelar i diverse film-, radio- og TV-produksjonar. I 2017 debuterte han som dramatikar med musikkteaterframsyninga ENGLER OVER MØHLENPRIS, der han også spelte sjølv. Bamse vart tildelt Pernillestatuetten i 1996 for sitt skodespelararbeid.

Linda Gathu.jpg
Linda Gathu.jpg

Ida Høy er regissør og dramatikar busett i Bergen. Ho har sidan 2010 regissert meir enn 30 teaterproduksjonar i heile Noreg. I Bergen har ho hatt regi på framsyningane GITARMANNEN (2026) og GLADE DAGER (2024) på Den Nationale Scene og den kritikarprisvinnande FUGLANGE på Det Vestnorske Teateret (2025). Høy skriv eller bearbeidar som regel manus til sine eigne framsyningar. Ho har skrive og regissert framsyningane INSTAMANNA (2022) og UNDERVANNSBYEN (2023) og spela MARISPELET og ANNA I ØDEMARKA. Høy jobbar innan mange ulike sjangrar og har m.a. hatt regi på Karpe sitt prosjekt SAS SKIEN i 2020 og har laga Peer Gynt-escape room på Henrik Ibsen Museum.

Linda Gathu.jpg
Linda Gathu.jpg
Linda Gathu.jpg
bottom of page