Det er berre deg som bur her, sant?
Ei ung kvinne bankar på hos naboen sin og seier at ho har mista nøklane sine. Kan ho kome inn? Eit møte oppstår mellom to menneske som lever på same stad, under ulike vilkår. Noko opnar seg, og einsemda som tyngjer den eine, blir mildna av den andre. Mellom linjene i kvardagsleg prat blir sprukne relasjonar og lengt etter nærleik synleggjort. INNTRENGAREN er eit tett skrive kammerspel om to einsame sjeler i same bygard.
Stykket blir presentert som del av TOUR DE MØHLENPRIS, ei ny satsing der private heimar blir scene for ny dramatikk. Vi lagar stuntframsyningar tilpassa leilegheiter på Møhlenpris, bydelen rundt festivalens hovudarena Cornerteateret, og inviterer publikum til å vandre frå heim til heim og oppleve rykande fersk dramatikk på kloss hald.
Konseptet er inspirert av naboinitiativet med same namn, der menneske som ikkje nødvendigvis kjenner kvarandre frå før, møtest til treretters middag – og går til ein ny heim for kvar rett. I denne utgåva serverer vi ny dramatikk i staden for mat.
INNTRENGAREN blir sett opp i samarbeid med Den Nationale Scene, med Knut Erik Engemoen og Lina Taule Fjørtoft som skodespelarar og Ingrid Askvik på regi.
TOUR DE MØHLENPRIS
29. aug 2026
Leilegheit
Samarbeid med Den Nationale Scene


MEDVERKANDE
Tekst: Johanne Magnus
Regi: Ingrid Askvik
På scenen: Lina Taule Fjørtoft, Knut Erik Engemoen
Produksjon: Cornerstone
TEKSTUTDRAG
NABOEN
Du har vel nokon som kan hjelpe deg?
SUNNIVA
Jada.
(Pause)
Nei.
(Pause)
Joda.
(Pause)
NABOEN
Det er vel nokon du kan spørje?
(Pause)
Det finns alltid nokon, men svaret er det berre ein som har.
SUNNIVA
Det er faktisk ikkje rett framfor nokon.
(Pause)
Med mindre du er fødd inn i ein velståande familie, sikkert mykje drama, men då har du iallfall forsprang.
NABOEN
Ein treng ikkje vere privilegert for å få til ting. Det handlar meir om innsats og hardt arbeid.
SUNNIVA
Det er ikkje akkurat noko ulempe å ha familie rundt seg, nokre kontaktar her og der, nokon som ring og spør korleis det går, seier dei tek med mat og kjem og lagar middag og ovarnattar, og skal sjå på dei kompliserte skjemaene med deg, som vil bli med til syden, på kino, som kjem og hentar deg når du har mista bussen og det høljar, og – skal eg fortsetje?
OM DEI MEDVERKANDE


REGI: Ingrid Aksvik (f. 1985) tok avgangseksamen i teaterregi i 2015 ved Teaterhøgskulen i Amsterdam (Amsterdamse Hogeschool van der Kunsten). Arbeidet hennar er i kjernen tverrfagleg, og musikk spelar alltid ei sentral rolle. Ho mottok Statens kunstnarstipend i 2020 for arbeidet sitt med å trekkje teateret mot konserten og konserten mot teateret. Ho skapar eigne verk både innanfor og utanfor institusjonane, og samarbeider òg med andre kunstnarar om deira eigenproduserte arbeid.

SKODESPELAR: Lina Taule Fjørtoft er ei skapande skodespelar og dramatikar frå Bergen med utdanning frå Nord universitet. Ho har eit breitt repertoar av eigenproduserte framsyningar og har vore engasjert som både skodespelar og dramatikar ved fleire teater, som Den Nationale Scene, Teatret Vårt og Det Vestnorske Teateret. Ho har motteke fleire stipend og utmerkingar, mellom anna to år med Statens kunstnarstipend (2022–2023). Ho var med å grunnlegge Eventyr i Parken, eit kompani for utandørsteater for barn og unge, og arbeider i tillegg som kurshaldar og kulturambassadør med fokus på kunstnarleg utvikling og frilanspraksis.

SKODESPELAR: Knut Erik Engemoen debuterte på Teater Innlandet i 2013. Sidan har han gjort roller på Rogaland Teater, Trøndelag Teater, Akershus Teater og Hålogaland Teater før han kom til Den Nationale Scene i 2018. Knut Erik utvikla og spelte tittelrollen i Teater Jokers BRUNE. Stykket mottok Heddaprisen for beste barneframsyning 2017. På DNS har han medverka i m.a. SØRSIDEN, KUK, ET DUKKEHJEM, ERASMUS MONTANUS og ASSASSINS. Han har òg nylig vore med i TAKK TIL LIVET – EN HYLLEST TIL LIVET på Teater Innlandet, som blei nominert til Heddaprisen for beste musikkteaterframsyning.
TEKST: Johanne Magnus (f. 1985) har gått teaterlinja på Romerike Folkehøgskule og tatt ein bachelorgrad i teatervitskap ved Universitetet i Bergen. Ho har skrive for blant andre Kraftverk, Prosopopeia, bladet Psykisk Helse, Syn & Segn, FETT, Jaja, riksaviser og antologiar. Ho har delteke på manusseminar hos Samlaget, Sceneskifter ved Det Vestnorske Teateret og leia skrivegruppa ved Bergen Offentlige Bibliotek hausten 2023. Ho har vore hitorieforteljar i tre av framsyningane til Bergen Borgerscene. Som skodespelar har ho medverka i TV-seriane DET TREDJE TEGNET og BUZZ ALDRIN på NRK samt kortfilmen STEPPEDANS av Pål Øie.