top of page
4 - MOT REGN.jpg

Om barnegråt og menneske som treng i ei stadig våtare verd 

Tora bur i byen med babyen sin, og verda er full av barnegråt. Inne, ute, over alt er det nokon som treng. Verda er full av menneske som treng henne, og ute regnar det. Utan stopp. I fjernsynet melder dei om fleire kraftige regnbyger på Vestlandet, og ute stig vatnet. Ingen voggesongar har varig effekt. Snart finst det gråt i alle kanalar. Barnet, radioen og laptopen. I leilegheita over, ute i gangen, nede på gata. Utanfor har folk byrja å samle seg, menneske som treng. Nærast umerkeleg vert dei fleire. Alle sluser er opne, Tora tek inn alt, og verda finn henne. Ho står i joggebukse, har ikkje fått dusja, og barnet treng ny bleie. 

 

Kva skal ein gjere når det kjem så mykje regn at det vert vanskeleg å sjå, vanskeleg å tenkje, vanskeleg å bry seg om andre enn seg sjølv? MOT REGN handlar om ei mor og eit barn, om menneske som flyktar frå, om menneske som søkjer saman, om ei verd som vert våtare.

 

MOT REGN er eit av tre bidrag valt ut frå Cornerstone si opne utlysing til Bergen Dramatikkfestival 2022, der vi fekk inn over 60 ulike tekstar. Teksten vert presentert på festivalen i samarbeid med Det Vestnorske Teateret, i ein iscenesetting regissert av Eirik Fauske.

URFRAMSYNING

Bergen Dramatikkfestival 

26. august 2022, kl 20:30

Cornerteateret, Kongesalen

Bill: 200/100 kr (festivalpass)

Vinnartekst fra Cornerstone sin Open Call

Framsyninga vert laga på seks dagar,

i samarbeid med Det Vestnorske Teateret

teateret-logo.jpg

Kredittar

Tekst: Mari Hesjedal

Regi: Eirik Fauske

Skodespelarar: Dagny Backer Johnsen, Tor Christian Bleikli, Sigmund Njøs Hovind og Lina Taule Fjørtoft

Scenografisk bistand: Silje Sandodden Kise

Produksjon: Cornerstone & Det Vestnorske Teateret

Støtta av: Dramatikkens hus

Mari_47 colour.jpg

Mari Hesjedal

Dramatiker

Mari Hesjedal (f.1980) er dramatikar, scenograf og kostymedesignar. Ho har filmutdanning frå The International Film School of Wales, ein Master i Scenografi frå Central Saint Martins College of Art and Design i London, og har gått på Forfattarstudiet i Bø. Ho debuterte som dramatikar med stykket CULPAREGELEN på Norsk Dramatikkfestival i 2015, og har sidan skrive for b.l.a. DUS, Det Vestnorske Teatret, Festspillene i Bergen og Teater Vestland. Hausten 2021 hadde ho urpremiere på SOV IKKJE på Det Norske Teatret. I perioden 2018–2019 var ho tilknytt Dramatikkens Hus som husdramatikar.

Foto: Thomas Richards

EirikFauske3WEB_foto_erika_hebbert-kopi.jpg

Eirik Fauske

Regissør

Eirik Fauske (f. 1982) er dramatikar, regissør og produsent. Han har ein master i regi frå Kunsthøgskolen i Oslo, og ein skodespelarutdanning frå Nord Universitet. Som dramatikar har han skrive tekstar for blant anna Det Norske teatret, Haugesund teater, og Kilden, og fleire av tekstene hans for barn er satt opp i Tyskland, nyleg stykket Hundrevis av barn i vill kamp. Fauske har òg skrive og regissert fleire av sine eigne tekstar, blant anna LINDÅS og LIVE – Sorgarbeid som gjesta Cornerteatret gjennom Cornerstone hausten 2021. I 2019 var han festivalkunstnar for Høstscena i Ålesund. 

Dagny Backer Johnsen.jpg

Dagny Backer Johnsen

Skodespelar

Dagny Backer Johnsen (f. 1992) er utdanna med BA i skodespel frå Westerdals våren 2020. Same år debuterte ho på Nationaltheatret som Hilde Wangel i Fruen fra havet med Trine Wiggen på regi. Ho har spelt i fleire filmar og TV-seriar som Vikings (HBO), Blodtur (Netflix), Verden er min (NRK) og Aber Bergen (Viaplay). I 2014 hadde ho hovudrolle i den canadiske filmen Violent. For denne rolla blei ho nominert til beste skodespelar av Vancouver critics circle. Våren 2022 spelar ho i framsyninga Sancthansnatten på Nationaltheatret.

MEDVERKANDE

Tor Christian Bleikli.jpg

Tor Christian Bleikli

Skodespelar

Tor Christian F Bleikli (f. 1974) er skodespelar og fast medlem av Transiteatret-Bergen sidan 1999, der han også for tida er dagleg leiar. Han har utdanning frå Bergen Teaterskole (1996), Universitetet i Bergen og videreutdanning ved Mimecentrum i Berlin. Bleikli debuterte som skodespelar ved Bergen Komediateater i 1995, og har gjort fleire frilansoppdrag for Den Nationale Scene, Nordland Teater, Hordaland Teater, Agder Teater, Radioteatret, Rogaland Teater m.fl foruten å ha medverka i samtlege av Transiteatret-Bergens produksjonar gjennom 20 år. Han har også erfaring frå film og TV.

20171214_fotografi_lina_fjortoft_MG_1888_edited.jpg.webp

Lina Taule Fjørtoft

Skodespelar

Lina Taule Fjørtoft (f. 1993) er skodespelar, teaterprodusent og manusutviklar som våren 2016 gjekk ut frå teaterproduksjon og skodespelarfag ved Nord universitet. Ho har base i Bergen og jobbar både innanfor institusjonsteater og i det frie feltet. Etter endt utdanning har ho vore tilknytta Den Nationale Scene, Det Vestnorske Teateret og Teatret Vårt. Lina likar å vere allsidig og å jobbe skapande, ho har utvikla fleire eigne teaterproduksjonar som ho turnerar med, her vekslar ho gjerne mellom ulike målgruppe, og sjangrar som musikkteater, figurteater og utandørs vandreteater. Våren 2022 hadde Lina urpremiere på den eigenskrivne monologframsyninga Rita Løvetannhjarte, med Ingrid Askvik regi, som fekk god omtale i både Norsk Shakespeare Tidsskrift og på scenekunst.no. I  2022 vart Lina tildelt 2 år med statens kunstnarstipend frå Norsk Kulturråd. Meir info: linataulefjortoft.com.

Portrett av Sebastian Dalseide.jpg.webp

Sigmund Njøs Hovind

Skodespelar

Sigmund Njøs Hovind (f.1986) er utdanna skodespelar frå Högskolan för scen och musik ved Göteborgs universitet 2008-2011. Han hadde sin profesjonelle debut på Göteborgs Stadsteater og medverka i filmproduksjonar som Mordene i Fjällbacka: Tyskerungen og Det moderna prosjektet før han flytta heim til Noreg. Sida 2013 har han hatt base i Bergen og jobba mest på Den Nationale Scene, men også gjort oppdrag på andre teatre, filma tv-seriar, kortfilmar og langfilmar. På DNS har han bl.a. spelt i SULT (2022), Vildanden (2018), Vår ære/Vår makt (2016) og Kong Lear (2014). Sigmund medverka på Bergen Dramatikkfestival 2020 i iscenesettinga Mørke – fienden i oss. Nyleg hadde han premiere på AMOR FATI, der han sto for både tekst og regi i tillegg til å være utøvar. Våren 2022 er han å sjå i Morgenstjernen på DNS. 

Silje S Kise portrett, foto Ingvild Festervoll Melien.jpg

Silje Sandodden Kise

Festivalscenograf

Silje Sandodden Kise er scenograf, kostymedesigner og skapende scenekunstner med base i Bergen. Silje arbeider i institusjonsteatre og i det frie feltet, og har hatt mange oppsetninger på DNS, Det Vestnorske Teateret, Rogaland Teater, Den Norske Opera m.m. Hun er opptatt av scenografi som medskapende kraft i scenekunsten, og utforsker bærekraft som kunstnerisk metode. De siste årene har hun vært med på å utvikle flere tverrkunstneriske konsepter, ofte med utspring i musikk. Silje har fått flere arbeidsstipend, og mottok Pernillestatuetten 2020 for sitt arbeid. Hun har BA i scenografi fra Teaterhøgskolen/KHiO 2008, BA teatervitenskap ved UiB, og er for tida også styreleder i Norske Scenografer i Creo.

www.siljekise.no

bottom of page