top of page

Maskuline førestillingar i fritt fall

Førestill deg eit foredrag. Dei svette hendene, mikrofonen i handa, vassflaska på scenegolvet. Summinga frå publikum i salen. Det er den viktigaste kvelden i foredragshaldaren sitt liv. Han kjenner pulsen hamre under skjortekragen. Han entrar scena, lysa går opp. Publikum jublar. Kan du sjå det for deg?


Balanserande på ein knivsegg mellom latter og ubehag, undersøker «GRÆT DU?» forholdet mellom maskulinitet og sårbarheit. Stykket leikar med og fordreier vande førestillingar om den sterke, rasjonelle mannen, og skildrar situasjonar der makta heile tida flyttar på seg. Mannen i spotlighten teiknar opp draumar og ideal som verkar stadig meir uoppnåelege, og beveger seg kontinuerleg mellom ulike fiksjonslag. Det er forvridd og kjenneleg, humoristisk og gravalvorleg – ei framsyning som av vidt ulike grunnar kan få tårene til å presse seg på.


«GRÆT DU?» er éin av tre vinnartekstar valde ut frå Cornerstone si opne utlysning til Bergen Dramatikkfestival 2024, der vi fekk inn over 100 ulike bidrag. Teksten blir presentert i samarbeid med Det Vestnorske Teateret, med skodespelarar frå Det Norske Teatret, i regi av Trine Wiggen. Teksten er skriven på dansk, av Josephine Eusebius, med originaltittelen «GRÆDER DU?», og blir for anledninga omsett av Aslak Moe.

Vinnartekst Open Call

Bergen Dramatikkfestival

31. aug 2024

Tidspunkt kjem

Det Vestnorske Teateret, Scene 2

Samarbeid med DVT og Det Norske Teatret

BILLETTSLIPP I JUNI!

Kredittar

Tekst: Josephine Eusebius

Regi: Trine Wiggen

Skodespelarar: Oddgeir Thune og Peiman Azizpour (DNT)

Scenografisk bistand: Maria Victoria Høvring Høeg

Produksjon: Cornerstone & Det Vestnorske Teateret, med skodespelarerer frå Det Norske Teatret

DRAMATIKAR |  Josephine Eusebius (f. 1994) er utdanna dramatikar ved Den Danske Scenekunstskole 2021, og har ein bachelor i teater- og performancestudiar frå Københavns Universitet. Tekstane hennar kan sjåast som ei undersøking av menneskeleg sårbarheit, og utspeler seg ofte i eit univers som ligg på kanten av det performative og det dramatiske, det humoristiske og det poetiske. Josephine har òg spesialisert seg på å skrive for barn og unge, blant anna gjennom arbeid med kompaniet [døgdi], der ho har vore produsent og dramatikar sidan 2014. Ho har òg utvikla TV-seriekonsept for barn gjennom talentprogrammet Serieskolen med DR Ultra.

HILDUR KRISTINSDOTTIR Foto Anders Borchgrevink

REGI | Trine Wiggen er ein prislønt skodespelar og regissør, kjend frå både teater og TV/film. Ho er fast tilsett ved Nationaltheatret, der ho har vore å sjå i ei rekke store roller. Ho har òg vore knytt til m.a. Den Nationale Scene, Oslo Nye Teater og Det Norske Teatret. Wiggen fekk Gablerprisen 2006 for beste kvinnelege hovudrolle i «Blackbird», ei rolle ho òg blei nominert til Heddaprisen for. Ho fekk Heddaprisen 2010 i kategorien beste kvinnelege hovudrolle, for rolla som Valerie Solanas. Wiggen har vore nominert til Amanda to gonger, og to gonger til Gullruten for beste kvinnelege hovudrolle i TV-drama. Ho har gjort regi i det frie feltet parallelt med arbeid som skodespelar sidan ho gjekk ut av Teaterhøgskulen i 1994. Ho debuterte som regissør ved Nationaltheatret med «Fool for love» våren 2011. Ho har sidan hatt regi på m.a. «Vi som er hundre» (2012), «Draum om hausten» (2016) og «Leve hemmeleg» (2019) ved Det Norske Teatret. «Evig søndag» (2017) ved Trøndelag Teater, «Namnet» (2020) ved Den Nationale Scene,  «Fruen fra havet» (2020/2021) ved Nationaltheatret, og «Min briljante venninne» (2023) ved Hålogaland Teater. Trine har og undervist ved Høyskolen Kristiania på manus-  og skodespelarlinja sidan 2014, og ved Den norske filmskolen.  Aktuell med «Lille Eyolf» ved Nationaltheatret hausten 2024.

Linda Gathu.jpg

SKODESPELAR | Oddgeir Thune er utdanna skodespelar ved Kunsthøgskolen i Oslo (2008 – 2011). Han har vore knytt til Det Norske Teatret sidan 2013, og har medverka mellom anna i «Antichrist», «Eg/Ich/I», «Brørne Løvehjarte», «Mor Courage og barna hennar», «Fulle folk», «Andre verdskrigen - Natt i verda», Herostratos, «Tid for glede», «Tusen takk teater», «Mare», «Dottera», «Utiseta», «Sudden Death» og «Oresteia». Han har òg vore ein del av Goksøyr & Martens´ tidlegare produksjonar «11 ÅR», «GÅ «og «BROR» ved Det Norske Teatret, og er no aktuell med «Moma». Thune har òg vore med i TV-seriar som «Okkupert» (2015–2017), «Beforeigners» (2019), «Pørni» (2022) og filmar som «Blindsone» (2018) – ein film han fekk Kanonprisen for, i kategorien beste birolle.

Linda Gathu.jpg

SKODESPELAR | Peiman Azizpour er utdanna skodespelar ved Det Multinorske, Det Norske Teatret (2015–2018). Ved Det Norske Teatret har han m.a. hatt roller i «Macbeth», «L.i.f.e.g.o.e.s.o.n», «Snøkvit» og «Inn frå regnet», i tillegg til rolla som Birk i «Ronja Røvardotter». Ved Den Nationale Scene i Bergen har han spelt Bjarne i «Namnet», Peter Pan i «Wendy og Peter Pan», i tillegg til at han var med i produksjonen «Skipet De Zee Ploeg». Ved Det Vestnorske Teatret i Bergen har han spelt Jonas i «Tordivelen flyr i skumringa» og han har vore medverkande i «Pang!» ved Riksteatret. I 2021-2022 var han del av Talent Norge-satsinga Nye National ved Nationaltheatret, og tok del i produksjonane «En Julenattsdrøm» og «Kakefabrikken». Peiman Azizpour er for tida òg å sjå i rolla som Jonas i Prime-serien «Furia», som Darius i Netflix-serien «Midtsommernatt», og er skodespelar i og er medforfattar av manus til kortfilmen «Dine føtter på mine øyne». Aktuell med «Hør her'a!» av Gulraiz Sharif på Det Norske Teatret. 

Linda Gathu.jpg

OMSETJAR | Aslak Moe er utdanna sceneinstruktør ved Den Danske Scenekunstskole 1999. Sidan har han jobba frilans som regissør, dramatikar og dramaturg både i Danmark, Sverige og Noreg, før han i 2023 blei tilsett som husdramaturg ved Det Vestnorske Teateret. Der skriv og regisserer han for tida òg ein trilogi om bergenspolitiet. Aslak har tidlegare gjesta Bergen Dramatikkfestival som aktør i si eiga framsyning “Løgn varar lengst”.

Linda Gathu.jpg
bottom of page