3 morgon.png

Om menneske som smeltar saman og fortærer einannan

I Morgon med lysande hestar møter me to unge menn som treffest tidleg ein morgon og stilt går i møte med noko nytt – noko som vil endra dei for all tid. To menn som slitest mellom ynskje om å koma nær kvarandre og å støyta kvarandre bort, mellom fortæring og einsemd. To kroppar. To individ. Men også éin omskifteleg organisme i flukt mellom menneske og natur, kropp og materie. 

 

Huy Le Vo og Morten Espeland lagar saman med regissørkoreograf Erlend Samnøen eit verk som byrjar i total samansmelting av dei to kroppane på scena. To forvrengde, morkna skapningar som sakte kjem ut av mørkret – som i eit målarstykke av Francis Bacon, der det er umogeleg å skilja kvar den eine kroppen sluttar og den andre byrjar. Latent i dei begge ligg det splintra ynskje om å øydelegga einannan og bli eitt på same tid; sleppa å ha ein eigen kropp, og gjera den andre kroppen til sin eigen. Ut frå dette lagar dei ein scenisk skapnad som er sanseleg, undrande og urovekkande. 

 

Tekstane er henta frå Båten om kvelden, Tarjei Vesaas si siste prosabok (1968). Forfattar Sara Li Stensrud har laga ein komposisjon av ulike tekststykke og -fragment frå Vesaas si bok, som alle krinsar rundt det å stå i samband med noko. Det handlar om å bryta gjennom det indre livet og strekka seg mot noko utanfor seg sjølv, anten det er eit menneske, ei myr eller framande munnar i stein. Gjennom å lytta seg inn på klangane og symbola til Vesaas, har Li Stensrud søkt å opna opp fleire av dei sterkaste og mest kroppslege motiva i Vesaas sin forfattarskap. 

 

Scenograf og kostymedesignar er Kjersti Alm Eriksen, lysdesignar er Ingeborg Staxrud Olerud, og lyddesignet vil bli gjort av Nils Jakob Langvik. Dramaturg er Oda Radoor, og teknikar er Magnar Mork.

 

I 2022 er det 125 år sidan Tarjei Vesaas vart fødd.

URPREMIERE

16. sept 2022, kl 19:00

17. sept 2022, kl 19:00

18. sept 2022, kl 16:00

Cornerteateret, Kongesalen

280/230 kr

mmlh_collage_kuttet.jpg

YMIST.

Ymist. er er eit teaterkompani stifta av koreograf og regissør Erlend Samnøen, og skodespelar Morten Espeland.  Ymist. utforskar spenningsfeltet mellom samtidsdansen og skodespelaren si førestellingsevne i prosjekt der det tekstlege utgangspunktet ikkje treng å vere dramatiske tekstar. Prosjektet deira er å skapa eit uttrykk som er poetisk og assosiativt og gir grunnlag for at fleire meiningslag kan eksistera samstundes; eit scenisk språk som ikkje insisterer på distanse, men varme. Hausten 2020 gjesta dei Cornerstone med framsyninga Melancholia II, basert på romanen av Jon Fosse. Tidligare har dei produsert EDDA/Voluspå (2015) og Draumkvedet (2018). Morgon med lysande hestar er kompaniet si fjerde framsyning.

Kredittar

Originaltekst: Tarjei Vesaas

Dramatisering: Sara Li Stensrud

Koreograf og regissør: Erlend Samnøen

Skodespelarar: Morten Espeland og Huy Le Vo

Dramaturg: Oda Radoor

Scenograf og kostymedesignar: Kjersti Alm Eriksen

Lysdesign: Ingeborg Staxrud Olerud

Komponist: Nils Jakob Langvik

Teknikar: Magnar Mork

Plakatfoto: Signe Fuglesteg Luksengard (foto) og Kjersti Alm Eriksen (montasje)

Produsentbistand: Kirsti Ulvestad

Co-Produksjon: Cornerstone, Tou Scene, Black Box Teater

Støtta av: Norsk Kulturfond – Fri Scenekunst, Fond for lyd og bilde, Fond for utøvende kunstnere, Bergesenstiftelsen

KUNSTNARLEG LAG

Erlend_Samnoen_Foto_Signe_Luksengaard.jp

Erlend Samnøen

Regi

Erlend Samnøen (1978) er utdanna danser ved Kunsthøgskulen i Oslo. Etter endt utdanning i 2002, har han verka som dansar, koreograf og regissør. Som teaterregissør har han hatt oppdrag ved bl.a. Nationaltheatret (Agnes Cecilia), Trøndelag Teater (Mio min Mio, Bør Børson Jr m.fl), Hålogaland Teater (Den Uendelige Historie) og Rogaland Teater (Rekviem). I 2014 stifta han scenekunstkompaniet Ymist saman med Morten Espeland. Ymist har tidligare produsert framsyningane EDDA/Voluspå, Draumkvedet, og Melancholia II. Morgon med lysande hestar er kompaniet si fjerde framsyning.

 

Foto: Signe Fuglesteg Luksengard

Morten_Espeland_foto_Signe_Luksengard.jp

Morten Espeland 

Skodespelar

Morten Espeland er skodespelar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo i 1998. Han har jobba på Nationaltheatret, Riksteatret og Rogaland Teater, og var tilknytt Det Norske Teatret frå 1999 til 2012. I 2014 etablerte han YMIST. saman med Erlend Samnøen, og dei to siste produksjonane til kompaniet, Draumkvedet og Melancholia II, var soloframsyningar med han som utøvar. I februar 2022 var Espeland festivalprofil på Vinterlysfestivalen. I 2008 fekk han Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i Den arabiske natta. I 1999 vart han nominert til Heddaprisen i kategorien Fremragende sceneprestasjon for Guten i Den 25 timen. I 2015 dramatiserte han Mikael Ende sin roman Den uendelige historie for Hålogaland Teater, og framsyninga vart nominert til Heddaprisen for beste Barne- og ungdomsforestilling. Morten er tilsett i Skuespiller- og danseralliansen. 

HUY LE VO Foto Ingrid Eggen.jpg

Huy Le Vo

Skodespelar

Huy Le Vo (1984) er utdanna skodespelar frå Akademi for Scenekunst i Fredrikstad. Han har brei erfaring frå danse- og teaterfeltet, og har arbeidd utøvande, medskapande, skapande og kuraterande i prosjektbaserte scenekunstfeltet og som skodespelar ved ei rekke institusjonsteatre. Huy har samarbeidd med regissørar og koreografar som Hege Haagenrud, Ulf Nilseng, Magnus Myhr, Stein Winge, Jon Tombre, Kjersti Horn, Ymist, and Winter Guests/Alan Lucien Øyen. Som skodespelar har han vore tilknytta Den Nationale Scene, Riksteatret, Hålogaland Teater, Østfold Teater, Unge Viken Teater, Brageteatret and Det Vestnorske Teateret. Saman med Rebekka Nystabakk driv han det kunstnariske felleskapet Rebekka/Huy, og arbeida deira har vore presentert på ein rekke festivalar og teatre.

Sara Li Stensrud (foto A. Leopold).jpg

Sara Li Stensrud

Dramatisering

Sara Li Stensrud er forfattar og teatermaker. Ho har skrive bøker for barn, poesi og ein eventyrbok for vaksne. Sidan debuten som dramatikar i 2012, har ho skrive ein rekke verk for scena, iscenesatt i tett samarbeid med skodespelarar, bl.a. Lykkelig til mine dagers ende – Et orgastisk lærestykke fra den markedslibidinøse skogen (med Ine Marie Wilmann, Black Box 2012), Noen kommer til å komme (Ah! Ah! Ah! Ah!) – En forviklingskomedie om flyktningkrisen (med Dag Håvard Engebråten og Madalena Sousa Helly-Hansen, Nationaltheatret 2016) og BLOMSTERSTYKKE – Et rasende sørgespill med kronblad fine som hud (skrive og iscenesatt med Madalena Sousa Helly-Hansen, Bergen Dramatikkfestival 2020). Hausten 2022 har det nye stykket hennar STUMFILM urpremiere på Bergen Dramatikkfestival. Stensrud driv også omstreifarteatret Didaktisk Dukkeater.

DSCF6275.jpg

Kjersti Alm Eriksen

Scenograf og kostymedesigner

Kjersti Alm Eriksen er utdanna designar ved Gerrit Rietveld Academie i Amsterdam. Via installasjonskunst og performance fann ho vegen inn i scenekunsten, og avslutta våren 2019 ein master i teater med spesialisering i scenografi ved Kunsthøgskulen i Oslo. Dei siste åra har ho jobba med ulike scenekunstprosjekter, ofte på plassar ein ikkje vanlegvis ser dans eller teater, såvel som sjølvstendige billedkunstverk. Gjennom arbeidet utforskar ho dei ibuande historiene til ulike objekt og plassar – og deira interaksjon med omverda.

ODA_edited.jpg

Oda Radoor

Dramaturg

Oda Radoor er dramaturg utdanna frå Institut for Dramaturgi ved Universitet i Århus. Ho arbeider som dramaturg, dramatikar og librettist. Som dramaturg har hun vore tilknytta bl.a. Nationaltheatret, Dramatikkens hus, YMIST., Henriette Pedersen og Goksøyr&Martens (Villanden, Salong, Gudstjeneste, Foreldremøte, OMsorg og FRI). Ho har vore med å skrive rapmusikalane Tæsjern på Grønland, Det bare er sånn, TV-serien På rektors kontor (2020), og ho har skrive barneboka Langt, Langt Borte, og librettiene Ballerina (2017) og Fram (2023) for Synne Skouen på DNO. For YMIST. har ho  dramatisert Melancholia II (2020) av Jon Fosse.

NJL.jpg

Nils Jakob Langvik

Lysdesign

Nils Jakob Langvik er utdanna lyddesigner ved Den norske filmskolen. Innan teater har han komponert musikk til bl.a. Mio, min mio på Trøndelag teater, Den uendelige historien (Hålogaland teater), Dracula (Brageteatret), The Road is just a surface (Jo Strømgren Kompani og Anja Garbarek). Dei siste åra har Langvik vore tilknytta NRK, hovedsakeleg som lyddesigner til dramaproduksjonar og dokumentarar både for TV og Radio/høyrespel.