top of page
Døden i Venezia

Kva gjer vi når avgrunnen står og gapar rett framfor oss?

Verda slik me kjenner ho står og vippar. Ein kjensle av undergang snik seg inn på oss.  Men korleis påverkar det oss eigentleg? Får det oss til å handla? Kva gjer me når styrtregnet tømmer seg over oss, når menneske blir jaga på flukt, og når sanninga blir forvridd til det absurde?


Gustav von Aschenbach i DØDEN I VENEZIA gjer som mange av oss: Han spring heim og bestiller ferie til Syden.


Den nye framsyninga til kompaniet Ymist bygger på Thomas Mann si kjende novelle frå 1912. Eit distansert tekstleg førelegg smeltar saman med eit ekspressivt koreografisk materiale og eit forførande musikalsk uttrykk. Alt med ynskje om å undersøkja eit menneske som nektar å erkjenna at døden har inntatt manesjen, og som heller rømmer inn i sjølvbedraget og begjæret.


Ymist arbeider i eit scenisk språkområde der koreografert rørsle er like viktig som den talte teksten. Der det fleirstemmige i skodespelaren sin kropp, stemme og fysikk er det kunstnerlege brennpunktet i møte med litteraturen. Elementa skal ikkje illustrera men utfordra, og stå i opposisjon til kvarandre. Dei tekstlege førelegga er ikkje-dramatiske tekstar med tydelege litterære kvalitetar. Fokuset for arbeidet er å gje litteraturen kropp – og å gestalta tekstens materialitet. Kompaniet har tidlegare samarbeida med Cornerstone rundt produksjonane MELANCHOLIA II av Jon Fosse og MORGON MED LYSANDE HESTAR av Tarjei Vesaas.


Einsemd får fram det originale, det dristig og underleg vakre, diktet. Men einsemd får òg fram det motsette, det urimelege, det absurde og ulovlege.

– Thomas Mann, Døden i Venezia

SAMPRODUKSJON

Lør 29. mars kl 19:00

Søn 30. mars kl 16:00

Cornerteateret, Kongesalen

CS burgunder.png
FiB_vertikal_sort_fc7h9x.jpg
dns-logo-1.png

KREDITTAR

Forfattar: Thomas Mann

Forlag: S. Fischer Verlag GmbH, Frankfurt am Main, Germany

Oversettar: Geir Pollen

Forlag i Noreg: Skald

Dramatisert av: Oda Radoor

Koreograf: Erlend Samnøen

Utøvarar: Morten Espeland, Erik Rulin, Nils Jakob Langvik

Komponist: Nils Jakob Langvik

Scenograf: Kjersti Alm Eriksen

Ljosdesignar: Ingeborg Staxrud Olerud

Kostymedesignar: Ane Ledang Aasheim

Dramaturg: Oda Radoor

Teknikar: Daria Zarbeeva

Produsentbistand: Emilie Mordal

Støtta av: Norsk Kulturfond – Fond for fri scenekunst og Komposisjon og produksjon av musikk, Fond for lyd og bilde, Fritt Ord, Bergesenstiftelsen og Fond for utøvende kunstnere.

Co-produsentar: Black Box Teater, Tou, Rosendal Teater, Cornerstone

REGI | Erlend Samnøen  er utdanna ved Kunsthøgskulen i Oslo. Etter endt utdanning i 2002, har han verka som dansar, koreograf og regissør. Som teaterregissør har han hatt oppdrag ved bl.a. Nationaltheatret (Agnes Cecilia), Trøndelag Teater (NARNIA - Løven, heksa og klesskapet, Mio min Mio m.fl), Kilder Teater (Villskudd), Hålogaland Teater (Den Uendelige Historie) og Rogaland Teater (Rekviem). I 2014 stifta han scenekunstkompaniet Ymist saman med Morten Espeland. Ymist har tidlegare produsert framsyningane EDDA/Voluspå, Draumkvedet, Melancholia II og Morgon med lysande hestar. Døden i Venezia er kompaniet si femte framsyning.

pressbild_Dimen_Abdulla_fotograf_Cato_Lein.jpg

UTØVAR | Morten Espeland er skodespelar utdanna frå Kunsthøgskolen i Oslo i 1998. Han har jobba på Nationaltheatret, Riksteatret og Rogaland Teater, og var tilknytt Det Norske Teatret frå 1999 til 2012. I 2014 etablerte han Ymist saman med Erlend Samnøen der han med anna har spelt i soloframsyningane Draumkvedet og Melancholia II. I februar 2022 var Espeland festivalprofil på Vinterlysfestivalen. I 2008 fekk han Heddaprisen for beste birolle for Peter Karpati i Den arabiske natta. I 1999 vart han nominert til Heddaprisen i kategorien Fremragende sceneprestasjon for Guten i Den 25. timen. I 2015 dramatiserte han Mikael Ende sin roman Den uendelige historie for Hålogaland Teater, og framsyninga vart nominert til Heddaprisen for beste Barne- og ungdomsforestilling. Morten er tilsett i Skuespiller- og danseralliansen og som fyrsteamanuensis i skodespelarfag på Kunsthøgskolen i Oslo

Linda Gathu.jpg

UTØVAR | Erik Rulin er ein svensk dansar og peadagog, utdanna frå Balletthögskolan i 1992. Han var lenge tilknytt Carte Blanche i Bergen, kor han jobba med koreografer som Amanda Miller, Jo Strømgren, Ina Christel Johannessen og Antony Rizzi. Erik var lenge hovuddansar i Jo Strømgren Kompani, mellom anna i A Dance Tribute to the Art of Football og The Arrival. For Ingun Bjørnsgaard kompani har han bidratt i produksjoner som Four pieces inkludert Sjoa & Skjåk, Bygones, Poppea, The Sea, Omega and the Deer, Praeambulum og i Rotating Nora.

Linda Gathu.jpg

DRAMATISERING | Oda Radoor er dramaturg utdanna frå Institut for Dramaturgi ved Universitet i Århus. Ho arbeider som dramaturg, dramatikar og librettist. Som dramaturg har hun vore tilknytta bl.a. Nationaltheatret, Dramatikkens hus, YMIST., Henriette Pedersen og Goksøyr&Martens (Villanden, Salong, Gudstjeneste, Foreldremøte, OMsorg ogFRI). Ho har vore med å skrive rapmusikalane Tæsjern på Grønland, Det bare er sånn, TV-serien På rektors kontor (2020), og ho har skrive barneboka Langt, Langt Borte, og librettiene Ballerina (2017) og Fram (2023) for Synne Skouen på DNO. For YMIST. har ho  dramatisert Melancholia II (2020) av Jon Fosse.

Linda Gathu.jpg

KOMPONIST | Nils Jakob Langvik er utdanna lyddesignar ved Den norske filmskolen. Innan teater har han komponert musikk til bl.a.Morgon med lysande hestar for Ymist, Mio, min mio på Trøndelag teater, Den uendelige historien (Hålogaland teater), Dracula (Brageteatret), The Road is just a surface (Jo Strømgren Kompani og Anja Garbarek). Dei siste åra har Langvik vore tilknytta NRK, hovedsakeleg som lyddesigner til dramaproduksjonar og dokumentarar både for TV og Radio/høyrespel.

Linda Gathu.jpg

SCENOGRAF | Kjersti Alm Eriksen er utdanna designar ved Gerrit Rietveld Academie i Amsterdam. Via installasjonskunst og performance fann ho vegen inn i scenekunsten, og avslutta våren 2019 ein master i teater med spesialisering i scenografi ved Kunsthøgskulen i Oslo. Dei siste åra har ho jobba med ulike scenekunstprosjekter, ofte på plassar ein ikkje vanlegvis ser dans eller teater, såvel som sjølvstendige billedkunstverk. Gjennom arbeidet utforskar ho dei ibuande historiene til ulike objekt og plassar – og deira interaksjon med omverda.

Linda Gathu.jpg
bottom of page